To søstre med en lidenskap for musikk, og fotografi til å lage kreative og magiske bilder.

Dette er et leserinnlegg, sendt inn via dette skjemaet for å publiseres på Kreativeideer.com.

Vi er to trillingsøstre Emilie Hamn og Madeleine Hamn frå vestlandet, og vi liker å bruke vår lidenskap for musikk og fotografi til å lage kunstneriske bilder for å inspirere andre.

Emilie fekk sitt første kamera då ho var 14 og vart raskt interessert i fotografering. Då ho byrja på vidaregåande tok ho med kameraet på hybelen, og byrja fotograferer på fritida. Andre året der vaks interessa for både fotografering og redigering av bileta, så ho skaffa seg redigeringsprogrammet Photoshop. I byrjinga fann ho motiv i naturen, seinare byrja ho og ta bilete av meg  Madeleine Hamn, og saman kunne vi skape noko eige saman, og uttrykkje følelsane våre.

Musikk har alltid vore ein stor del av livet mitt. Eg byrja å synge i 5 års alderen og spelte også piano frå eg var 10 år gammal. Ønske med å koble sammen min lidenskap for musikk i bileta til Emilie, kom ein dag når eg sat på bussen, høyrte på musikk og såg utover det flotte natur landskapet. Eg ønska at eg kunne stoppe tida, og uttrykkje kva eg såg der og då. Og det var då det begynte for meg. Eg brukar musikk til å utrykke kven eg er.

Vi brukar å samarbeide om bileta vi skal ta. Ved å kople saman kunsten med fotografi og det magiske med musikk, føler vi at vi klarar å skape noko nytt og annleis. Eit eige kreativt uttrykk. Vi får mange idear og tankar frå naturen. Der kan vi sleppe kjenslene våre fri, og fortelje vår historie gjennom biletet. Emilie står for redigering og idear, medan eg står for det kjenslemessige og musikalske. Eg er den som  gjev idear til bileta som er basert på idear frå musikk. Vi jobbar ut i frå ein ide, går ut i naturen for å finne eit motiv som passar til ideen, har gjerne med rekvisittar, og fotograferer til vi er nøgde med bileta. Så redigerer Emilie bileta som vi har tatt, men det tar ein stund før vi begge er fornøgde.

Vi legg ut bileta på instagramkontoane @artphotographer17 og @birdmadeleine, for å vise dei fram, og kanskje inspirere andre. Gjennom desse tre åra på instagram har vi opplevd veldig mykje, og inspirert mange. Emilie er blitt valgt ut av sjølvaste instagram til å bli Instagram suggested tre gongar, og det innebære at ein kjem på ein liste over dei mest populære og kjente fotografene i verden. Dei som er rollemodeller og kan inspirere andre. Når noen lager sin første instagram konto så kan dei velge av ein liste kven dei kan følge første gong, og der står namna på dei kjente fotografane i verda frå instagram. For ei tid sida vart eit av bileta våre også promotert på instagram sin nye konto som heiter: @music.

For oss er instagram eit sted der vi kan vere oss sjølv, og vise det vi står for. Vi er inspirert av natur, musikk, foto, og eventyr, og er kjent for dei norske landskapene våre poetiske følelser for naturen.

Målet er at fleire skal sjå bilda våre. Vi ønskjer å vise andre vårt arbeid og kva vi står for, og håpar vi kan inspirere andre til å stole på seg sjølv og vere annleis. Responsen vi får på bileta gjev oss motivasjon til å drive på. Men det blir truleg ikkje eit yrke for oss. Heller ein hobby for å slappe av i den travle kvardagen, og å gjere noko saman. Eg går siste året på musikklinja, seier Madeleine.

Målet er å bli musikklærar, slik at eg kan engasjere og inspirere andre.

Eg vil bli helsearbeidar og helst jobbe med eldre, demente pasientar. No bur eg i Eikefjord og går i lære i helsefag i Florø. Det er spesielt lys ute med havet, og eg fotograferer mykje i Florø og Bremanger. Eg vil nok alltid halde på med fotografering og ser heile tida nye motiv, seier Emilie.

Lik oss på Facebook for de beste tipsene!

×
Lik oss på Facebook :)
Hold deg oppdatert på flere kreative idéer og smarte tips!
×
Liker du denne saken?
Del den med vennene dine!